Fiske

I Myrkdalsvatnet, som ligg ca 4 km frå Myrkdalen Hotel retning Voss,  kan du fiska med stang og oter frå land. I elva som renn inn og ut i  Myrkdalsvatnet og i Strandaelva kan du fiska med stang. Elvene ligg nær hovudvegen med mange moglegheiter for parkering langs vegen. Her gjeld Vossakortet fiskekort.

På Vikafjellet kan du fiska med stang og oter i alle elver og vatn. Det er lov å fiska med garn i nokre vatn på Vikafjellet: Vetlevatnet, Svartevatnet, Lars Ola Vatnet og Langavatnet. For Sendedalen, Grøndalen og desse vatna gjeld Myrkdalen Grunneigarlag sitt fiskekort. Vil du fiska andre stader på Vikafjellet treng du Vik Grunneigarlag sitt fiskekort.

Er du ute etter eit fjordeventyr ligg Nærøyfjorden berre ein halvtime unna. I fjorden kan alle fiska fritt utan fiskekort.

Du kan kjøpa fiskekort og kart i resepsjonen på Myrkdalen Hotel. Fiskekorta kan berre betalast kontant. Det er ikkje mogeleg å ta ut kontantar på hotellet, så hugs å ta med beløpet. Vossakortet kan også kjøpast online på inatur.no. Hugs at du alltid må ha med fiskekorta når du fiskar.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *