Ofte stilte spørsmål

GENERELLE SPØRSMÅL

Kvar er nærmaste matbutikk?
Om vinteren har me eit lite utval daglegvarer i Myrkdalsstovo. Om sommaren kan du kjøpa brød, kaffi og is på Myrkdalen Hotel. Nærmaste matbutikk finn du på Vinje, 9 km i retning Voss frå Myrkdalen.

Kvar finn eg dei beste prisane på overnatting?
Dei beste prisane på overnatting finn du under pakketilbod.

Kvar er nærmaste minibank?
Nærmaste minibank er på Vinje, men du kan ta ut kontantar i Myrkdalsstovo.

VINTERRELATERTE SPØRSMÅL

Kor tid byrjar de å selja sesongkort?
Me byrjar å selje sesongkort i midten av september. Fram til midten av oktober har me kanmpanje på sesongkort. De kan kjøpa sesongkort i  Myrkdalsstovo i Myrkdalen og på kontoret vårt på Vangen.

Kor tid går skibussane?
Nytt for vinter 2014/2015: Gratis skibuss går kvar dag frå Voss Stasjon med retur frå Myrkdalen om ettermiddagen! Bussane korresponerar med tog frå og til Bergen.

Kvar finn eg oppdatert vèr og føremelding?
Me oppdaterer dagleg både på twitter, facebook og på nettsida vår. Du kan også ringje 56 53 10 30.

Kor tid er det sesongavslutning?
Myrkdalen er kjend for mykje snø og lang sesong! Skisenteret held generellt sett ope til slutten av april, men topptursesongen forsett til langt utpå sommaren.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *